Forfattararkiv: Mari

Lærdalsrekene

“Kva er det fyrste de legg merke til når de ser på kyrkja?” spurte eg ein skuleklasse i dag. Dei var raske med svaret, og nett det svaret eg venta: drakane. Lærdalsrekene, som dei av og til vert kalla, dei som prydar kommunevåpenet vårt. For dei er jo sjølve symbolet på – ja, på kva [...]

Vårsol i bakkane

Pinsedag. Flaggi veiva frå kvite stenger. Soli skein frå blå himmel. Dagen låg naken og ledig og ubrukt, klar for eventyr. Mamma valte stad: Skjerdal. Fyrst – det vil sei, etter kaffi heima i hagen – gjekk turen oppover. Me måtte opp i høgdi, til Leim og helsa på hestane og sauene og geitene, opna [...]

Drakedrepar?

Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalla han, draken eg ser på kvar einaste dag. Han får sikkert eit namn i løpet av sommaren, eit skikkeleg kosenamn. For han ser ganske kosleg ut, gjer han ikkje. Det er berre hovudet han har att, som eit anna jakttrofe heng han der på veggen til ålmen [...]

Må berre nett… 2

Ja, eg veit at dette utviklar seg til ein serie. Men so har det seg ein gong slik at utsikter, som innsikter, endrar seg, og gjerne over natta (eller dagen). I går var Lærdal sjokkerande kvit for ein bybuar. Kvite blomar i hegg og kirsebærtre. Kvite spreiarar på markene. Og kvite dukar på åkrane. So [...]

Må berre nett…

visa kor steike vakkert det er her heima: Som utsikt frå soveromsglaset går dette rhododendron-muren i Bergen ein høg gang – det er som å ha eit måleri rett utanfor vindauga. Tenk at eg faktisk bur i dette draumelandskapet!

Folkeviser og paraplyar

Her er me grannar tre uti lag, kom lat oss te å syngja. Kva skal me finna på te behag, kem tå oss ska begynna? Det gjekk i song, denne maidagen. Då felene måtte gøyma seg for regnveret vart det ikkje mykje musikk i hvoudprosesjonen gjennom Bergen – ikkje frå ungdomslaget iallefall. Men då me [...]

Herleg

Ein søndags føremiddag i sofakroken. På bordet kaffi og fudge frå fredag. I andre sofakroken ein sambuar med like avslappa innstilling til livet. Me føler me utretta noko stort i går. Då kan dagen i dag gå med til noko mindre – til å nyta dei små, hyggelege tinga i livet. Som kaffi og fudge [...]

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.