Category Archives: Folkemusikk og -dans

Folkeviser og paraplyar

Her er me grannar tre uti lag, kom lat oss te å syngja. Kva skal me finna på te behag, kem tå oss ska begynna? Det gjekk i song, denne maidagen. Då felene måtte gøyma seg for regnveret vart det ikkje mykje musikk i hvoudprosesjonen gjennom Bergen – ikkje frå ungdomslaget iallefall. Men då me [...]

Feriedag i austlandshovudstaden

I helgi er det landsmøte til Noregs Ungdomslag i Oslo, og då passa det å nytta høvet til ein ekstra feriedag der. So lenge det er sidan eg har vore i Oslo, kjentest det nesten som å vera på utanlandsferie. Eg hadde faktisk problem med å lata passet vera att heima, men fekk forklart at [...]

Telehelg

Denne helgi var via musikken og venskapen. Og det er jo ikkje ein dårleg kombinasjon i seg sjølv. Særleg god vert kombinasjonen når musikken er folkemusikk og venen er Frida. Staden er ikkje å forakta heller, eg har høyrt om Rauland i Telemark i mange år. Endeleg passa det å reisa dit, og for ein [...]

Majorstuen, 6 år etter

Me sat med beina i kors på golvet, heilt fremst i eit ukjent lokale. Ein meter framom oss trampa føter i takt, bogar flaug, fingrar dansa. Det var vinteren 2006, og eg var på folkemusikklubben Columbi Egg for fyrste gong. Eg hadde aldri opplevd folkemusikk på den måten før. Eg hadde høyrt folkemusikk på plate, [...]

Sognaspringar

På tide å byrja å øva for oss hine? Sognaspringar lærte eg ein gong av meisteren sjølv (nemleg Svein), men har gløymt det att. Det må ein gjera noko med!

Menn i bunad

- og andre fine opplevingar: Landskappleik altså. Hadde ein ikkje blitt so trøytt skulle det vore det kvar veke! (Eg har meir å dela herifrå, eg må sjå kor mykje tid, stunder og internett eg har framover…)

Regndans

Finst det verforbehold? Nei, slikt driv me ikkje med, det er for pingler. Dessutan finst det ikkje dårleg ver, berre dårlege paraplyar. Dermed vart det dansa reinlender med paraply, vals med paraply, rull med paraply og springar utan paraply i ausande regnver på Torgallmenningen. Ungdomslaget skulle visa seg fram under Festspela, og me fekk iallefall [...]

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.