Folk og fe i folkemusikkverda

OM MAJORSTUEN

Majorstuen vart danna i 2000, med bakgrunn i musikkhøgskulen. Dei består no av Gjermund Larsen, Andreas Ljones, Synnøve S. Bjørset, Tove Dalbakk og Jorun Marie Kvernberg. Dei er fele-basert (med cello og viola), og spelar eigenarrangert (og i stor grad eigenkomponert) folkemusikk. Dei har gitt ut fire plater: Majorstuen (2003), Jorun Jogga (2004), Juledrøm (2006) og Skir (2010). Dei jobbar for tida med ei live/best of-plate.

OM VRANG

OM EIN LEVANDE TRADISJON

Benedicte Maurseth, folkemusikar, skriv i Dag og Tid 26. august 2011 om støtteordningar for folkemusikkproduksjonar. Ho spør etter retningsliner for støtte til ny og nyskapande musikk – i folkemusikkverda verkar det ofte som ein set mest pris på – og betalar best – for å ta vare på tradisjonen. Men kva er vel tradisjonen, om ikkje nett nyskaping, nye slåttar, nye dansar, endringar? Det ville vore dårleg med folkemusikk i dag om ikkje nokon hadde skapt nytt – både i “gamle dagar” og no. Ho siterer den svenske spelmannen Pers Hans Olson: “Ein må laga nye ting slik at tradisjonen får leva.” Men om miljøet og dei med pengane set pris på ein levande tradisjon, det er ikkje godt å sei. Vert ein redd tradisjonen vert for livat, og vanskeleg å kjenna att? Det er ein balansegang her, men ein ein ikkje får til om ein ikkje nærmar seg kanten litt meir enn ein kanskje gjer i dag. Det er vanskeleg å balansera på flatmark (eller noko slikt).

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.