Litteratur

We are transformed – magically – into the literary society each time we pass a book along, each time we ask a question about it, each time we say, “If you liked that, I bet you’d like this.” Whenever we are willing to be delighted and share our delight, as Mary Ann did, we are part of the ongoing story of The Guernsey Literary and Potato Peel Pie Society,

skreiv Ann Barrows i etterordet til boka ved det namnet. Og det er målet med desse sidene. Eg brukte nemleg å vera ein storlesar, alltid litt kresen, alltid litt redd for dei tunge taka. Eg er det siste enno, men storlesaren er blitt undertrykt av litt for mange år med dårleg samvit på grunn av alt pensum som ikkje får den merksemda det fortener. Eg håpar det kan endra seg no, og denne sida vil derfor verta ei oversikt over det eg les i løpet av året, og kva eg synes om dette. Litteraturomgrepet mitt er her, som de ser, særs avgrensa, og lista inneheld derfor mest romanar – enn so lenge, iallefall. Og det er romanar til glede, inspirasjon, irritasjon og nye opplevingar. Alle har dei sine kvalitetar (om enn ikkje alle er like lette å anbefala), alle har dei sin rolle i historia om litteraturen og lesegleda.

Trykk på titlane, so kjem det kanskje nokre ord om bøkene òg.

Bøker i 2011,

bli med til t.d. Swindon, Narnia, Fiction Island, Bon Temps, London, Westeros, Bergen, Cranford, D.C., Færøyene, Guernsey, Cambridge og andre eventyrleg stader.

Ei ekstra oversikt over boksamlinga mi finn de på bokelskere.no. Eg heiter marisl der. Velkomen til nye distraksjonar!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.