Velkomen til min blogg!
Den handlar i all hovudsak om meg og mitt, det er det som er so greitt med ei personleg nettside.
Eg er altså Mari, 26 år, heimstad Lærdal og bustad Bergen. Eg har ein master i engelsk, eit årsstudium i nordisk og er generelt over snittet interessert i litteratur og lingvistikk. I tillegg lir eg av listemani, kronisk reisefeber, like kronisk heimlengt, og har ein forkjærleik for lange innlegg.
Kort møte er eit resultat av alle desse delane av meg. Her deler eg kvardagstankar og kvardagsbilete, slikt som er interessant for få andre enn gode vener og nysgjerrige familimedlemmer. Eg er den som alltid har med seg fotoapparat, men aldri får til innstillingane. Eg er den som planlegg innlegg på veg heim frå store og små hendingar, men aldri får skrive dei før dagen etter og dei gode formuleringane er litt mindre gode. Eg er den som drøymer om ein dag å kunna uttrykka store hendingar i få ord, men innan den tid må du nøya deg med det motsette. Eg byr deg på eit lite innblikk, eit kort møte, med meg og mine.
